Øvre gravplass


Øvre gravplass ligg lengst frå Stord kyrkje, på nordsida av Tysevegen mellom Ådlandselva og Stord sjukehus. Gravplass-felt er markert med bokstav A til K.

Folketalet på Stord auka kraftig i andre halvdel av 1900 hundretalet og gravplassane ved kyrkja vart fulle. På 1960-talet vart difor eit større område av utmarka til Frugarden kjøpt inn og opparbeid etter behov, og første delen vart innvigd i 1970. Denne gravplassen vert kalla Øvre gravplass. I byrjinga av 90-talet vart så resten gjort ferdig og innvigd. Sidan denne kyrkjegarden ligg så langt frå kyrkja og kyrkjekokka, vart det sett opp eit klokketårn med klokke som vert brukt ved jordfestinga.

Tilbake