Ord for veka; Håpet i lys av våren


Denne veka er det Svein Arne Theodorsen som skriv vekas ord. Han innleier med å sitere Eivind Skeie "visst skal våren komme, visst skal jorden bli ny".

 

Eg hadde ein god lang tur i dag, sola varma og eg såg spor av vår i naturen. Ei god oppleving i seg sjølv, samtidig ei oppleving med mykje håp.

Eg siterte for meg sjølv andre verset av salmen «No livnar det i lundar» av Elias Blix: 
«Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord og atter som eit under nytt liv av daude gror.»

Greinene på bjørka har tilsynelatande vore utan liv. I dag såg eg nokre tre med bresteferdige knoppar og fleire med små grøne blad. Tydelege teikn på at her er liv. Med sol og varme kjem ei mengd blader, nydeleg, fagert.

Blix ser lengre fram: 
«Du vår med ljose dagar med lengting liv og song,
du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong.»

Eivind Skeie ser håpet i lys av våren og peiker på gleda i lys av påska. Vi er framleis i påsketida og kan syngja med han:

«Den glade vårens tid er her, snart grønnes alle skogens trær, 
og påskemorgens fryd er nær. Halleluja.»

Svein Arne Theodorsen

Tilbake