Bli med på eit enkelt, lokalt miljøtiltak


Det er våronn på kyrkjegardane, og gravplassarbeidar Solveig Andersen har ei oppmoding til alle som steller graver; 

 

På gravplassane er det også våronn om dagen. I dag er det bakken mellom gravene på Øvre gravplass som vert stelt, jamna med ny jord og sådd i. 

Gravplassarbeidar Solveig Andersen fortel at jorda dei legg på er produsert av kompostavfall som vert kasta på returpunkta på kyrkjegarden. 

– Me er nøgde med å vera så godt som sjølvforsynte med jord, seier ho, og kjem samstundes med ei oppmoding til alle som steller graver:  
– Sjå etter om alt du kastar i kompostbingen er organisk avfall.

Ho viser fram ei bøtte med bos ho nett har plukka ut av det siste jordlasset, og fortel at i kransar og dekorasjonar er det ofte tråd, oasis og meir som ikkje er så lett nedbrytbart. – Om dette vert teke av og kasta for seg, vil det gje reinare jord frå kompostbingane. På denne måten kan du bidra til eit enkelt, lokalt miljøtiltak, smiler ho.
 

Tilbake