Nysæter gravplass ligg ved nordvestsida av Nysæter kyrkje, i Kyrkjevegen. Gravplass-felt er markert med bokstav A til O.
I 1967 gav Nils Myhre fri grunn på Nysæter til kyrkje og gravplass. Begge deler vart realisert i slutten på 1980- og byrjinga av 1990-talet. Gravplassen vart teken i bruk på nyåret 1992. Dette har sjølvsagt vore med å avhjelpa den prekære mangelen på graver.