Himmel og hav


Me deltar i  den nasjonale strandryddeveka. Gudsteneste på Nautøy 19.september kl 11.00

 

Himmel og hav!

11-19 september er det nasjonale strandryddeveka. Då vert strender rydda langs heile vår vakre kyst.

Nysæter kyrkjelyd har engasjert seg i dette og skal ha friluftsgudsteneste på Nautøy søndag 19.september , men strandrydding etterpå.  Gudstenesta vert i den vestvendte vika  like nord for p-plassen før bømlabrua..

Dei siste vekene har me hatt samlingar i trusopplæringa med tema: «Gud skaper- me tek vare på»

Det er ei fin overskrift på både gudsteneste og ryddeaksjon. Heldigvis er folk blitt flinkare til å ta med seg bos frå strender, men det er alltid noko som rek i land, både stort og smått. Etter gudsteneste og ein matbit etterpå vil me fordele folk på dei ulike strendene på Nautøy for å samle inn plast og anna avfall.  Friluftsrådet vest legg til rette med sekker, hanskar og kontainer  på p-plassen. Dei sponsar oss og med pengar til  «dugnadsmat».

Kontaineren vert sett ut fredag 17.9 og teken attende  måndag 20.9. Det betyr at om du  vil rydde boss frå  andre strender før søndagen kan du kaste det i denne kontaineren.

Vel møtt søndag 19.september.

 

Tilbake