Velkommen til Mat & Prat i Nysæter kyrkje! Dette er eit lågterskeltilbod for småbornsforeldre som er heime med borna sine. Her kan ein komma og gå som det passar for ein sjølv innanfor tidsrommet mellom kl: 11:30 - 13:00.
Det vert servert gratis lunsj og borna kan få leika saman.
Det vert Mat & Prat desse sju tysdagane i vår:
6. januar
20. januar
3. februar
17. februar
3. mars
17. mars
14. april
Mat & Prat er gratis og utan påmelding.
Alle er velkomne!
Dersom ein ynskjer det kan ein òg delta på babysong i forkant av Mat & Prat (Babysong er frå kl: 11 - 11:30).