Det er lang tradisjon for å halde andaktar på Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter og i Buneset. Datoar for andaksstundene fram til jul finn du her:
Kvar 14. dag er det andaktsstund med song på Stord sjukeheim, Buneset og Knutsaåsen omsorgssenter. Stunda varar frå 20-30 minutt. Pårørande er velkomne til å delta dersom det ikkje er restriksjonar for besøk. Av og til vert det halde gudsteneste på Stord sjukeheim og Knutsaåsen.
Ansvaret for andaktsstundene med song blir fordelt på fleire frivillige, prestane og diakon. Fleire frivillige er og med og spelar piano. Me takkar alle dei som er med på institusjonane våre.
Knutsaåsen omsorgssenter, torsdagar kl. 11.00:
7.oktober, 21.oktober, 4.november, 18.november, 2.desember.
16.desember adventsgudsteneste.
Buneset, tysdagar kl. 11.00:
5.oktober, 19.oktober, 2.november, 16.november, 30.november, 14.desember.
Stord sjukeheim, måndagar kl.11.00 (av og til tysdagar kl.11.00):
4.oktober, 18.oktober, 1.november, 15. november, 30. november, 1
4.desember adventsgudsteneste.