Den kommande helga er det 4-åringane som står i fokus i Nysæter kyrkje for på søndag er det gudsteneste med utdeling av barnebibel.
Søndag er alle velkommen til familiegudsteneste der me skal syngja, Kari Bolette skal lesa frå bibelen, strykarar frå kulturskulen skal spela for oss, me skal opna skattekiste og bli med på ei forteljing frå bibelen om korleis det gjekk med ein mann som skulle passa på mange sauer. Og så skal de som blir 4 år i år få barnebibelen i gåve frå kyrkja. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi & saft.
Prest Jørgen Knudsen, kantor Bjarte Aadland, kyrkjelydspedagog Elisabeth Fauskanger deltek saman med kyrkjetenar og kyrkjevert. Me gler oss!