VATN OG STILLA


Det er godt å vera stille
og venta på hjelp frå Herren. Klag 3,26

Men kor lett er det å vera stille i vår travle kvardag.

Stilla finnest fleire stader, men eg som er mykje ute i skog og fjell. Finn ofte stilla der. Særleg synet av det blanke klare vatnet, havet eller den stille klukkande bekken. Kanskje kan den klukkande bekken gi meg ein kopp friskt vatn. I stilla er det godt å bare vera. Eg synest vatnet passar i denne stilla. Jesus seier om seg sjølv at han er det levande og livgivande vatnet. Me menneske kan ikkje klara oss utan reint vatn. Me er og avhengig av den stilla og det livgivande vatnet som Jesus gir oss. Guds ord. Kvar er det du finn di stilla? Slik at du kan få påfyll for ditt liv. Kvar kan du drikka av det levande vatnet?

Brynhild Meyer Stautland

Tilbake