Konsert LIVSVANDRINGA


Tittelen LIVSVANDRINGA på konserten 31.oktober i Stord kyrkje kl 19.30 vart til som eit samarbeid mellom kunstnaren Per Flatøy, fotograf Magne Langåker og kantor Ole Jørgen Furdal. Utgangspunktet for samarbeidet er salmen «Lær meg å kjenne dine veie».

Per laga ein installasjon/skulptur som blir sentral i konserten. Olav Arne Steinkopf blei utfordra til å laga eit arrangement over denne salmen i jazz-stil. Det er sett saman ein kvartett til konserten med Sandra Linnea Lindwall, song; Ole Jakob Hystad, tenorsaksofon; Halvor Folgerø, kontrabass og elbass; Ole Jørgen Furdal piano, elpiano og Hammond-orgel. Nina Sæternes Johannesen, framfører lesingane som er med i programmet. Musikk og lesingar inneheld ulike uttrykk for den livsvandringa vi alle tek del i. Med hjelp av ulike musikalske uttrykk kjem ein nærare innpå desse tekstane. Magne Langåker har har sett saman ein video som kommentar til Arvo Pärt sitt stykke «Spiegel im Spiegel». Bildekunst, lesingar og musikk er sett saman på ein måte som skal skape ein heilskap i konserten. Musikken inneheld både jazzperler og perler frå den klassiske tradisjonen. Derfor set prosjektgruppa bak konserten stor pris på samarbeidet med Stord jazzklubb. Skulpturen «Pilegrimen og vegen» blir og sentral i gudstenesta tidlegare på dagen. Velkomen til konsert!

Bilettar: I døra eller på TicetCo 250kr (200 for medlemmer i Stord Jazzklubb og Fartein Valen venner)

Tilbake