UTSETT på ubestemt tid.Puls på livet i Nysæter kyrkje 14.desember


Tema for årets siste Puls på livet er Idealisme og engasjement. I sofaen denne gongen møter me mangeårig rektor på Tjødnalio skule Sigrid Røsseland i samtale med Reidar Ådnanes.

Obs: Arrangementet går som planlagt, med nokre smitteverntiltak: Ta med munnbind. Registrering av namn når de kjem.

Sigrid Røsseland var tilsett som rektor på Tjødnalio skule frå 1991 til ho gjekk av med alderspensjon i 2017.

Skulen ho leia er særleg hugsa for å fremja «det musiske mennesket». Han skulle gjennom musikk, dans og kunst fremja elevane sin kreativitet og skaparkraft. Med Sigrid som rektor er det ingen tvil om at skulen har prega svært mange elevar og betydd mykje for bygda og for bygdefolket i Sagvågs- området.

Men Sigrid kan visa oss fleire sider av seg sjølv. Ho kan fortelja om barndom og oppvekst, utdanning og lærarjobb før ho landa på Stord. Her stifta ho familie og fekk born. Ved sida av skulen har ho vore politisk aktiv på venstresida, fronta kvinnesaka, og ho har sete i skulestyret. Og jammen har ho ikkje prøvd seg som lærebokforfattar òg.

Her er mykje å snakka om. Me gledar oss til sofapraten.

Song og musikk vert det også . Kollekt.

 

 

Tilbake