Ord for veka: Lys på vegen


Ola Bremnes har skrive denne nydeleg sange som eg er så glad i.

LYS PÅ VEGEN

Tek berre med refrenget her. Men lytt gjerne til heile sangen.

Har du fyr
Har du løkte langs din vei
Har du fyr
Et signal om riktig lei
Ei lampe som gløde i mørke
Og lose dæ ut og frem
Som tar deg bort og hjemmefra
Men også tar dæ hjem

Eg er slettes ikkje den som færdast mest på sjøen. For meg er fjellet langt meir vanleg. Men det er noko som er felles for hav og fjell. Sjømerker og vardar som viser veg. Det er noko som viser veg. Dei viser ikkje fyrst og fremst målet, men vegen der og då.

Sjømerkene og vardane viser meg den trygge vegen, slik at eg ikkje skal gå på eit skjer eller utanfor eit stup. Dei viser veg i dårleg sikt. Desse merkene viser kvar det er best og ferdast.

 Bibelen snakkar og om lys og merker til vår livsveg. I salme 119 står det «Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys på min stig.» Det er godt og ha Guds ord som vardar og sjømerker for livsvandringa.

Brynhild Meyer Stautland

Tilbake