Spira sitt julenummer i postkassane


Velkommen! Det er gjennomgangstema i den siste utgåva av kyrkjebladet Spira i år. Denne veka kjem bladet til ein postkasse nær deg. Du kan og lesa bladet her.

 

Det er godt å bli sett og teken imot. Men kva er det som gjer at me kjenner oss velkomne? I denne utgåva av Spira kan du blant anna lesa om nokon som er opptekne av å ønskja andre velkommen - og nokon som sjølv kjenner på det å vera ønska velkommen og teken imot. 

Bildet er henta frå ein reportasje i bladet om internasjonalt fellesskap. Inger Amina Muri sit med dottera Leyla på fanget. Dei perlar i lag med Diako Valadipour.

God lesnad og gledelig jul.
Helsing redaksjonen i Spira v/ redaktør Olav Oma

Spira julenummer 2021

Tilbake