Trusopplæring, oppstart


Godt nytt år til alle barn og unge på Stord! Me sender ut invitasjonar i desse dagar til dei minste og satsar på oppstart i neste veke, veke 4.
Me har fått ny smittevern-rettleiar i kyrkja – igjen. Reglane som gjeld for fritidsaktivitetar for barn og unge – gjeld også for kyrkja:
https://kirken.no/.../ny%20smittevernveileder%20og%20nye.../

Veke 4:
Måndag 24. januar:
11:00 – 12:00 Babysong i Stord kyrkje
17:00 – 18:00 T123 Songstund i Stord kyrkje

Onsdag 25. januar:
17:00 – 18:00 T456 Songstund i Stord kyrkje

Blir me fleire enn 20 barn og vaksne på ei samling, vert gruppa delt i to, og me har songstunder både inne i kyrkja og nede i kapellet. Me håpar de forstår at me anbefaler 1 vaksen pr. barn og ikkje yngre søsken i denne perioden.
Me gler oss veldig til å koma i gong igjen, og ynskjer velkommen til samling!!! 

 

Tilbake