Fellesgudsteneste for Stord og Nysæter, søndag 21. august klokka 11.00
Me gler oss til å feira gudsteneste.
Ver med og ta imot dåpsborna, og la oss feira nattverd, synga fine salmar, be og høyra bibelorda.
På søndag talar tekstane om å vera barn og å vera arving, om å vere slave og å vera fri. Jesus seier «Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.».
Me kan og gje ei gåve til bymisjonen på Stord, enten kontant i kyrkja eller med Vipps 124653.
Dette er Olav J. Oma si siste gudsteneste som sokneprest på Stord. Det blir kake og kaffi etter gudstenesta.
Dei andre som gjer teneste er Kirsti Angvik Frugård, Noah Wibe, Jonas Stautland Eide, og mange fleire. Kom.
Foto: Magne Langåker