Onsdag, 24. august kl 19.30 starta Sanctus opp att med øvingar i Nysæter kyrkje.
I første omgong står salmekveld i Nysæter kyrkje på programmet,denne vert søndag 25.september. Koret tek og del ved nokre gudstenester både som kor, men av og til og som forsongarar der gjerne ei gruppe av koret er med. På tapetet står og deltaking i konsertar, eigne prosjekt mm.
Så ver hjarteleg velkommen til Sanctus, fint med både nye og gamle songarar! I Sanctus er det triveleg å vera med.