Vervagudsteneste på Jensaneset


Søndag 28.august kl 11 vert det nok eingong Vervagudsteneste på Jensaneset i Sagvåg.

Grunna covid har det ikkje vore slik gudsteneste på nokre år, men no i helga tek me opp att tradisjonen.

 

Reidar Ådnanes blir prest, kantor Bjarte Aadland spelar tangentar og Rune Koppang spelar trompet og flügelhorn.

Nevnast må det sjølvsagt også at det blir kyrkjekaffi!

Hjarteleg velkommen til gudstenesta!

(Bildet syner tilsvarande gudsteneste for nokre år sidan).

Tilbake