Rytmisk vri Nysæter kyrkje 25. september


Ved gudsteneste føremiddag og salmekveld kl 19.00 blir Joakim Vikanes med på gitar og Øystein Heide Aadland på tangentar. I tilegg er Kristina Folkestad Nicholls med på gudstenesta som solosongar og koret Sanctus er sentrale i salmekvelden.

Kl 11.00 blir det gudsteneste med rytmisk snert, Joakim og Øystein, som begge er frå området her skulle vel vera kjende for mange. Dei bur no i Oslo og opererer musikalsk derfrå. Kristina som er stordabu syng solo på noko av salmestoffet. Musikarane spelar og noko solistisk i gudstenesta. Det er nattverd, Jørgen Knudsen er prest og Bjarte Aadland kantor.

Om kvelden blir det salmekveld kl 19.00 der koret Sanctus er sentrale. Koret syng noko fleirstemt, men det blir og allsong der alle kan få syngja med. Øystein H.Aadland og Joakim Vikanes gir tonefølgje gjennom helie opplegget. Dei spelar også her noko instrumentalt solistisk. Salmar me skal innom kjem få ulike tradisjonar-bedehustradisjon, gospel, søramerikansk salmestoff og tradisjonellt stoff. Det vert mulighet til å Vippsa eller gje kontantar til dekking av utgifter ved salmekvelden.

Velkommen til Nysæter kyrkje!

 

Tilbake