Påske er ikkje flytta, men i kyrkjeåret har me ein dag me kallar : HAUSTENS PÅSKEDAG.
Når blada fell, når livet går i dvale, då skal me høyra bodskapen om håp, om siger over døden.
Kvar søndag er ei feiring av Jesu oppstode på den første dagen i veka. Komande søndag er dette ekstra tydeleg i tekstar og salmer. Vel møtt til gudsteneste i Nysæter kyrkje. Det er 3 barn som skal døypast, og det er nattverd. Bjarte Aadland er organist og Reidar Ådnanes er prest.