Det sårbare livet 1. november


 

"Det sårbare livet" er ei musikalsk førestilling som berører. Nysæter kyrkje 1. november kl 19.00.

Leif Magne Helgesen, Hans -Gunnar Skreslett Owe Håstø.

Ambulerande sjømannsprest Leif Magne Helgesen, tidligare Svalbardprest, inviterer til ei vandring i det sårbare livet.

Vi lever i ei verd med store utfordringar. Det nære og det globale hand i hand. Det vonde og det onde, men også håpet om det gode. Me trur ikkje på det som riv ned. Me trur ikkje på dødens krefter. Me trur på livet!

Førestillinga gir ein smak av livet med glimt frå livet i nord og i sør.
Det blir mykje jord, men også himmel!

Saman med musikarane Hans-Gunnar Skreslett og Owe Håstø, fører presten oss inn i eit landskap som me kjenner oss igjen i. Me både får og blir utfordra på same tid. Me misser menneske me er glade i. Personlege og globale kriser oppstår. Etter pandemi kom krig. Det er lett å misse motet. Desto viktigare er det at me byggjer framtida i lag.

Kjærleiken er ei gåve, men også ei oppgåve!

«Det sårbare livet» er ei musikalsk poetisk førestilling
med ord og tonar i ei heilag samrøre

  • Leif Magne Helgesen, tekstforfattar, song og ord,
  • Hans-Gunnar Skreslett, komponist, tangentar, trompet og song,
  • Owe Håstø, gitarar og song

 

Tilbake