T 11 Lys vaken utesamling i Stord og Nysæter


I år ønskjer me 6.klassingane velkomne til LYS VAKEN spesial anno 2020 ute ved Stord kyrkje 20.nov og ute ved Nysæter kyrkje 27.nov.

 

2020 er ikkje som eit vanleg år. Pga koronasituasjonen på Stord kan me ikkje ha kveldssamling i Stord og me kan ikkje ha overnatting i Nysæter. Istadenfor inviterer me 11 åringane til UTESAMLING med fyr i bålpanna, kakao, song og aktivitetar og utdeling av boka Tidslinja; ei kjempefin bok som i teikningar og tekst fortel bibelhistoria kronologisk. 

Me har fordelt tidspunkta slik at dei som går på skule ilag kjem samtidig. Heile samlinga blir ute, så hugs gode kler!

Velkomen til LYS VAKEN utanfor Stord kyrkje 20.nov
kl. 17.00-17.30 Hystad skule
kl. 17.45-18.15 Langeland skule
kl. 18.30-19.00 Rommetveit skule
kl. 19.15-19.45 Leirvik skule

Velkomen til LYS VAKEN utanfor Nysæter kyrkje 27.nov
kl. 17.00-17.30 Tjødnalio skule
kl. 17.45-18.15 Sagvåg skule
kl. 18.30-19.00 Litlabø skule

Det er ikkje påmelding. Gratis. 
 

 

 

Tilbake