Allehelgensdag vert markert i begge kyrkjene våre.
Søndag 6. november er det Allehelgensdag. Allehelgensdag er ein dag der ein minnast dei som er gått bort, dei som er døde. Denne søndagen er det Minnegudstjeneste i Stord kyrkje kl.11.00. Dei som har nokon av sine næraste som er gått bort dette året, er særskilt inviterte til denne gudstenesta. Namna på dei som er døde sidan siste minnegudsteneste vert lest og det vert tent lys. På denne gudstenesta kan ein finna ro, fred og gi tid til sorga og lytta til vakker musikk. Diakon Olaug A Gloppen og Prost Svein Arne Theodorsen leier gudstenesta.
Organist: Noah Wibe.
Solist (på fiolin): Orlaug Evensen.
Frivillige frå diakoniutvalget deltek.
I Nysæter er det gudsteneste med nattverd. Gudstenesta der handlar og om håpet og vandringa, og om dei som har vore førebilete i tru og håp. Men det er ikkje ei minnegudsteneste med namnelesing slik som i Stord.
Vel møtt i den gudstenesta du kjenner høver for deg.