vel møtt i kyrkjene våre 13.11


Søndag for dei forfulgte vert markert i 3 gudstenester på søndag.

Vel møtt på Huglo, i Stord og i Nysæter.

Søndagen er 23. søndag i treeiningstida. Evangelieteksten er alvorleg om avslutninga av denne tidsalder. Det kan kanskje verka skremande for nokon. Men når Jesus talte til vennene sine høyrde dei og trøyst og håp. Slik har mange kristne også høyrt det slik opp gjennom tidene. Kristne har blitt  forfulgt og drept opp gjennom alle tider. I vår tid er det den triste og krevjande situasjonen for svært mange truande. Trusfridom er truga i mange land. Takkofferet denne dagen går til Stefanusalliansen, ein organisasjon som kjempar for og hjelper forfulgte kristne i mange land.

Vel møtt til gudsteneser  på Huglo, i Stord og i Nysæter. Det er gudsteneste med nattverd alle stadene.

I Nysæter blir det musikk ved eit band som kallar seg "Pocket Money"
Organist i Nysæter og på Huglo er Bjarte Aadlnd.
Organist i Stord er Noah Wibe. 

Prest i Nysæter er Jøren Knudsen, på Huglo er det Svein Arne Theodorsen, og i Stord Reidar Ådnanes.

I Stord er det også  gudsteneste med dåp kl 13.00

Tilbake