Søndag 27.november kl 11:00 skal me feira gudsteneste igjen i Nysæter kyrkje, saman med ein finfin gjeng 11-åringar. Det er LYS VAKEN – helg og 11-åringane har vore med å øvd til gudstenesta og overnatta i kyrkja. Det vil også bli dåp og me skal feira nattverd, samt tenne det fyrste lyset i adventstaken. Dei som skal leia oss gjennom gudstenesta saman med 11-åringane er prest Svein Arne Theodorsen, kyrkjelydspedagog Ingvild B Almås og kantor Bjarte Aadland. VEL MØTT!