Puls på livet 24.01. kl 19.00


Neste «Puls på livet» vert tysdag 24. januar kl. 19:00. Denne gongen har me invitert Reidun Hagenes til sofaen med temaet «Mitt liv med musikken»

Mange vil hugse Reidun Hagenes som korleiar for barne og ungdomskor på Stord. Med musikkpedagogisk utdanning frå Bergen Musikkonservatorium starta ho med jentekoret Sagvåg skulekor. Mest kjend vart ho likevel som stiftar og dirigent for Stord Ungdomskor som på den tida utvikla seg til eit av dei beste norske ungdomskora for like stemmer.

Men Reidun har hatt mange andre jern i elden, og for alt dette vart ho til slutt invitert til audiens og heidra av kong Harald på slottet. Me vil få høyra meir om dette og om kva drivkraft som ligg bak engasjementet hennar.

Denne kvelden vil Liv Kari Bru vera samtalepartnaren hennar. Dei har eit langt musikalsk samarbeid bak seg og har garantert mykje å snakka om. Til programmet har dei to utfordra Irene Simonsen og tidlegare kor- medlemmer i Stord Ungdomskor til nokre musikalske innslag.

Etter programmet vert det ei enkel servering og drøs. Det vert og høve til å gi ein kollekt.

Me gler oss til ein flott kveld i Nysæter Kyrkje

Tilbake