Når livet ikkje smiler


Det er ikkje alltid livet smiler. Når me ynskjer å ta PULSEN PÅ LIVET må me også ha med dette.

Puls på livet-kveld i Nysæter 21. februar kl. 19.00.

Tysdag 21. mars har me invitert Jofrid Bjørkvik til ein sofaprat i Puls på livet.

Jofrid Bjørkvik er fødd og oppvaksen på Finnøy i Ryfylke. Ho er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen og er spesialist i klinisk vaksen- psykiatri. Ho har jobba som psykologspesialist ved Stord DPS. No har Bjørkvik privatpraksis ved Stord Helsepark på Leirvik.

Doktorgrad
I desember 2009 disputerte ho og tok ein doktorgrad i psykologi. Tittelen på doktor- avhandlinga hennar var God nok? Selvaktelse hos pasienter innen psykisk helsevern. Her har ho undersøkt korleis låg sjølvkjensle kan påverka samspelet med dei rundt oss. Kjenner du deg mindreverdig, kan det føre til at andre umedvete behandlar deg på en nedlatande måte.

Det er ikkje alltid livet smiler
Ein oppsøkjer gjerne psykolog når livet av ulike grunnar vert vanskeleg å leva. Jofrid Bjørkvik har etter ein lang praksis mykje kunnskap om dette. Ho har møtt og hjelpt mange med vanskar me ofte ikkje snakkar så høgt om, men som mange av oss kan kjenna seg att i frå eigne liv. Desse kunnskapane vil ho dela av denne kvelden.

Noah Wibe deltek med musikk.

Kollekt

Enkel servering.

Tilbake