Velkomen til gudsteneste i Stord kyrkje
Sundag 19. mars vert det gudsteneste i Stord kyrkje klokka 11:00. Det blir nattverd, tre born skal berast til dåpen, og etter gudstenesta er det kyrkjekaffi. Prest er Jørgen Knudsen, organist Noah Wibe. Som postludium får de høyra preludium i G-dur (BWV 541) av J. S. Bach. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.