Misjonssøndag i Nysæter Kyrkje. Men, pga været vert aktivitetsdagen ein utvida kyrkjekaffi.
Fokus på vårt misjonsprosjekt. Besøk frå Det Norske Misjonsselskap.
Me inviterer til gudsteneste med dåp og nattverd, og med besøk av Roar Vik frå misjonsselskapet. Prest er Svein Arne Theodorsen, organist er Bjarte Aadland. Me hadde lenge planlagt aktivitetsdag på Valvatna etter gudstenesta. MEN- Værmeldinga seier 3 grader og fare for regnbyer. Då tar me det heller inne på kyrkja. Ein litt "utvida" kyrkjekaffi. Det vert ei lita utlodning, ein Quizz, kaker og hyggjeleg samvær.