Festdagar i mai


Festdagar i mai.

Kyrkja er med og feirar Grunnlovsdagen.

Dagen etter er det Kristi Himmelfartsdag. Den vert markert ved friluftsgudsteneste i Hustrudalen.

Foto: Sunnhordland

Kyrkja er med på 17. mai feiringa i byen og bygdene våre.

I Nysæter er det frukost og andakt frå kl 8.30.Me held brød og drikke, ta med pålegg. Me serverer og frukost til skulekorpset. Me tek imot toget og tar del i markeringa og talen ved minnestøtta. Reidar Ådnanes leier andakten inne i kyrkja, og han har og talen ved minnemarkeringa.

Stord Kyrkje er open frå kl 10-11 (i samband med kransenedlegging ved minnestøtta der). Svein Arne Theodorsen har talen der.

På Huglo er det gudsteneste kl 11.00 ved Jørgen Knudsen.

Kristi Himmelfartsdag. No er det tradisjon å ha friluftsgudsteneste  saman med Turlaget "Aktiv til 100" ved den flotte gapahuken i Hustrudalen på Litlabø. Gudstenesta startar kl 11.00. Det er fint å rusle inn frå trafostasjonen ved Storavatnet på Litlabø. Reidar Ådnanes er prest og organist Noah Wibe har med ei forsongargruppe.

Tilbake