Søndag 25. juni inviterer me til felles friluftsgudsteneste i grueparken på Litlabø kl 11.00.
Fest i Vest helga vert avslutta med Gudsteneste på Litlabø og konsert på Utslettefjellet.
Me legg opp til at du kan få med deg begge deler denne søndagen. Ei enkel gudsteneste kl 11.00. Noah Wibe står for musikken, Reidar Ådnanes er prest. Etter gudstenesta er det medbrakt kyrkjekaffi / picnic. Ein frå Venelaget for gruo vil ha ei orientering for dei som vil vita meir om den spennande historien om gruene på Litlabø. Det er grei parkering nær grueparken- kjør inn mot Rødkleiv - det vil vera P-vakter.
Det er god tid til å nå konserten på Utslettefjellet etterpå- ca kl 13.00 kan ein køyre til ein av parkeringsplassane for turstiane opp til Utslettefjellet.(ved Solidbanen, eller ved Dybvik)