Velkommen til babysong i Nysæter kyrkje! Det vert babysong i Nysæter fem tysdagar i haust frå kl: 11 - 11:30.
Me syng og leikar oss gjennom ulike songar, rim og regler. Etter songstunda kan ein vera med på Mat & Prat (frå kl: 11:30 - 13).
Datoane for babysong i Nysæter hausten 2025:
2. september
16. september
30. september
14. oktober
28. oktober
Kom dei gongene det passar!
Babysong er gratis og krev inga påmelding.