I Kyrkjestova Fredheim kl 17.00
Reidar Høyland var i fleire år lærar og rektor ved den norske skulen i Kathmandu i Nepal. For elevane ved skulen var høgdepunktet om hausten å dra på fjellvandring ("tracking") i den vakre naturen og særeigne kulturen i dette fjellandet. Desse turane var organiserte som små ekspedisjonar på 4-5 dagar og fann stad i oktober, etter at regntida var slutt.
Korleis dette gjekk for seg, vil Reidar fortelje om og vise bilete frå på søndagskaffien den 8. oktober.
Som vanleg vert det kaffi og heimebakst, tid til å prata saman og allsong. Det vert og utlodning til inntekt for HimalPartner.
Velkomen!