Å oppleve at nokon ein er glad i går bort, kan gi livet mange utfordringar og ta ulike «grep» i livet både kjenslemessig, fysisk og sosialt. Sorga er der og omsluter heile livet.
Vi er ulike som menneske og vi har sorg på ulikt vis. Sorga kan vere lik ei kjærleiksorg: tapet av den ein elska så høyt. Ein kan bli sint, og ein kan oppleva å få fysiske reaksjonar. Å vere einsam med sorga kan gjere at livet er krevjande. Det kan då vere godt å møte andre i same livssituasjon.
Kan ei SORGGRUPPE vere noko for deg?
Ei sorggruppe er ein møteplass for å dele tankar og opplevingar med det å ha sorg og sakn.
Det er alltid ein eller fleire som leiar og legg til rette for samlingane.
Ønsker du å delta i ei sorggruppe eller ønsker at ein prest eller diakon kjem på besøk, kan du ta kontakt med Olaug Gloppen på telefon 416 39 728