Minnegudsteneste i Stord


Helgemessesøndag (allehelgensdag), søndag 5. november kl. 11:00

Ei gudsteneste til å minnast dei som er sakna. Namn på avlidne det siste året vil bli lese opp og tent lys for, samt andre som me minnast. Sorga etter å mista mista nokon ein er glad i, er krevjande. Sorga gjer noko med oss - me kan oppleva at livet har vorte forandra. Velkomen til ei stund i kyrkja der sorga og saknet får vera synleg og får rom. Dei som deltek er prost Svein Arne Theodorsen, soknediakon Olaug Gloppen, organist Noah Wibe, fiolin Orlaug Evensen samt fleire frivillige. Kyrkjekaffi etter gudstenesta.

Tilbake