Sundagskaffi 10. desember kl. 17.00 i Kyrkjestova Fredheim
JULEKRYBBER FRÅ MANGE LAND
Andre sundag i advent får vi besøk av Anna Hella Kartveit og Gunnar Kartveit. Dei har med seg mange av julekrybbene som Anna har samla frå rundt 80 land, og vi får høyra kvifor krybbene er så ulike sjølv om dei fortel den same historia. Dei er prega av den lokale kulturen der dei er blitt til, dei viser at juleevangeliet er spreidd rundt om i verda, og dei vitnar om at Jesus er ein del av livet til folk i ulike kulturar og lokalsamfunn.
Som alltid blir det allsong og ein god kaffipause med heimebakst.
Velkomne til ei fin adventstund!