Dersom nok inresserte melder seg vil eg arrangera SY-dag i Kyrkjestova laurdag 17.2. kl 10-16.
Tanken er at alle tar med eigen symaskin og noko å sy på.
Så syr me saman og hjelper kvarandre.
Dagen er open for
- deg som er nybyrjar og treng litt inspo og info til å koma igang
- deg som har sydd litt, men treng råd og tips til å fortsetja
- deg som har sydd lenge, har samla erfaring og som gjerne deler med andre
- gamal og ung, kvinner og menn
Du kan få hjelp til å koma i gang. Eg tar med nokre enkle nybyrjar-prosjekt. Elles kan dei som vil koma innom meg i dagane før for å snakka gjennom og planlegga sitt eige arbeid.
Pris for dagen blir kr 400,- Dette inkluderer enkel lunsj, frukt, kaffi og te.
Alle inntekter går til Kyrkjestova.
Påmelding til Åshild på SMS 47879440 eller e-post aashild@hattesalongen.no