Sundagskaffi 17. mars


Kyrkjestova Fredheim kl 17.00

REISEBREV FRÅ CUBA:
kyrkjebesøk - sydenturist - Cuba i dag

På sundagskaffien den 17. mars får vi ein fersk rapport frå Cuba.
Ei gruppe utsendingar frå Stord kyrkjelyd har nyleg besøkt dette landet. Solveig Høyland, Ingvild B. Almås, Astri V. Granli og John Reidar Granli, som var med, vil visa bilete og fortelja frå denne spennande reisa.

Som vanleg spelar vi opp til allsong og serverer kaffi med heimebakst.
Det blir høve til å gje gåve til Stord kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt på Cuba.
Velkomen!

 

Tilbake