Koret Sanctus framfører "Visst skal våren komme" i Nysæter kyrkje søndag 9. juni kl. 19:00 saman med songsolist og musikarar.
Verket "Visst skal våren komme" med tekstar av Eyvind Skeie og musikk av Sigvald Tveit er eit av dei mest framførde kyrkjemusikkverka i Norge dei siste åra etter at verket kom ut i 1984. "Disse sangene skrev vi sammen som en feiring av håpet" seier tekstforfattar Skeie og komponist Tveit. I våre urolege tider kan dette håpet vera godt å ha.
Eit utvida kor Sanctus framfører verket i Nysæter kyrkje søndag 9. juni kl 19:00 saman med sopransolist Ingjerd K. Kolstad, Tone Heide på fløyte, Sigurd H. Aadland på el-bass og Noah Wibe på piano.
Billettar kr.200,- for vaksne, born og studentar gratis.
Hjarteleg velkommen til konsert i Nysæter kyrkje!