Vigsel


Bryllupet er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elska og æra kvarandre, og å halde saman i gode og onde dagar resten av livet.

 

Resten av samlivet får sitt startskudd med denne dagen, deira dag med deira valg, deira innhald og deira gjester. Brudepar i alle kategoriar er velkomne til å gifte seg i kyrkjene våre. 

Ved ynskje om vigsel, ta kontakt med kyrkjekontoret, tlf 53403430, så hjelper me dykk til å finna ein ledig dato og tidspunkt. Det er og muleg med vigsel i kapellet på HVL.

Ein enkel brosjyre om Vigsel i Den norske kyrkja kan du laste ned her.

Dersom de har inngått ekteskap borgarleg og ynskjer ei markering i kyrkja med forbøn for ekteskapet kan det avtalast på same måte som for vigsel. Liturgien "Forbøn for borgarleg inngått ekteskap" kan du laste ned her.