Dåpen


Dåpen er ei gåve frå Gud til oss. Dåpen er ei heilag handling som me ikkje fullt ut kan forstå. Det er i dåpen at trua vår startar og det er i dåpen at Jesus lover å vera med oss alle dagar. Det er ei stor hending både for familien og alle i kyrkja når det er dåp. Velkomen til dåp i kyrkjene på Stord. 

Barn, unge og vaksne er like velkomne til dåp. Den døypte vert ein del av Guds store familie - den verdensvide kyrkja. Ynskjer de at barnet dykkar skal bli døypt? Er du innskriven som konfirmant, men ikkje døypt? Eller vil du bli døypt sjølv? Dåpen er eit teikn på Guds kjærleik til alle menneske, og ei gåve som det berre er å ta imot, uansett når i livet vi vert døypte. Den som vert døypt vert og medlem i Den norske kyrkja.

Her finn du skjema til påmelding til dåp: Dåpspåmelding

Kva skjer i kyrkja på sjølve dåpsdagen?

Me ynskjer at de  kjem i kyrkja seinast 15 min før gudstenesta tar til. Heilt i starten av gudstenesta går foreldra med dåpsbarnet opp midtgangen i kyrkja saman med presten i prosesjon. På førehand har dåpsfamiliane fått tidelt reserverte plassar framme i kyrkja. Under sjølve dåpen kjem de fram til døypefonten. Presten teikner eit kross med handa over dåpsbarnet og auser vatn tre gonger over hovudet til barnet. Barnet blir bedt for og det blir tent lys. Som ei gåve frå kyrkja får de eit dåpslys og eit innramma bilete med ei bøn på. 

Dåpsmøte i forkant av sjølve dåpsdagen.
Foreldra til dåpsbarnet blir invitert til dåpsmøte i kyrkja nokre dagar før sjølve dåpsdagen. På dåpsmøtet orienterer presten om dåpen og dåpsgudstenesta, og ein tar opp praktiske spørsmål om sjølve dåpshandlinga. Her kan de spør om det er noko de lurar på. Dåpsmøtet varar ca 30 min. Fadrane er og velkomne til dåpsmøte. 

Fadrar.
Ein fadder er eit vitne på at barnet blir døypt med ein kristen dåp. Ved døypefonten svarar foreldre og fadrar ja på presten sitt spørsmål om dei vil at barnet skal vekse opp i den kristne trua. Ein fadder må vera 15 år, og kunne stå inne for kyrkja sitt dåpssyn. Eit barn som blir døypt skal ha minst 2 fadrar, det er ikkje ei øvre grense for kor mange fadrar ein kan ha. Det vanlegaste er at familie eller vener er fadrar til barnet. 

Kontakt kyrkjekontoret om de har spørsmål knytta til dåp. 
Telefon 53 40 34 30 (tirsdag, torsdag, fredag kl.10.00-14.00) eller 
mail: 
post@kyrkja-stord.no

Svar på ein del vanlege spørsmål om dåp finn du >her