Diakoni


Diakoni er kyrkja si mellommenneskelege omsorg og sitt fellesskapsbyggjande arbeid.
Me ønskjer å vera eit synleg og tilgjengeleg kyrkjeleg omsorgsarbeid for dei som treng det, - når dei treng det. Diakonien må vera vaken for dei endringane som skjer i samfunnet med nye behov og nye utfordringar. Me ønsker ein diakoni som er tilstades der menneske har det vanskeleg, og slik synleggjera evangeliet. 
Diakoni er ikkje berre dei tiltaka som er organisert. Det blir gjort mykje godt diakonalt arbeid, uorganisert og i det stille. Kyrkja vil ha ein oppmuntrande funksjon i dette.

 

Heimebesøk 
Prest og diakon kan koma på heimebesøk. Me kan også koma for å feira nattverd i heimen med den som har vanskar med å koma til gudsteneste. Dersom du ønsker heimebesøk eller nattverd heime, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret. 

Samtale 
Dersom du ønsker samtale med prest eller diakon, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 53 40 34 30. 

Teneste! 
Me treng fleire frivillige som kan gjera ein innsats i diakoniarbeidet. Dersom du kan tenka deg ei tenesta som besøkjar, kyrkjevert, sjåfør i kyrkjeskyss-ordninga, eller gjera ein innsats på anna vis, håper me du tek kontakt med soknediakonen!