Musikk
Salmesong og kyrkjemusikk har lange tradisjonar i Norge. Sidan 1600-talet har kyrkjelyden sunge salmar ved gudstenestene. I middelalderkyrkjene var det klokkaren, som og blei kalla kyrkjesongaren, som leia salmesongen. Gradvis fekk orgelet oppgåva med å akkompagnera salmesongen - først i byane og etterkvart og på dei mindre stadene rundt om. I dag er kyrkjemusikken ein viktig del av kyrkjelivet.
Stord kyrkje
Stord kyrkje fekk sitt første orgel i 1892. Det orgelet var ein del av orgelet som hadde stått i Korskyrkja i Bergen. Til jubileet i 1957 fekk kyrkja nytt orgel. I 2019 blei det gjennomført ei omfattande restaurering av orgelet. Kyrkjemusikar i Stord kyrkje er Noah Wibe.
Nysæter kyrkje
Nysæter kyrkje vart vigsla i 1991, men ikkje alt var på plass i kyrkja på vigslingsdagen. Dei første åra nytta ein piano, før ein starta stegvis utbygging av pipeorgel. Første byggetrinn med 5 stemmer var i 1995. I 2000 var orgelet i kyrkja ferdig utbygd med 14 stemmer. Kantor i Nysæter kyrkje er Bjarte Aadland.