Fredag 2. juni er det Drop-in dåp i Stord kyrkje kl 15.00 - 18.00.
Soknerådet stiller med kaker og kaffi slik at det vert ein liten fest i kyrkja etter dåpen.
Å bli døypt i ein drop-in-dåp er enkelt og like stort som å bli døypt i ei vanleg gudsteneste. Dersom du ynskjer å melda deg på på førhand kan du gjera det her Du kona koma sjølv om du ikkje er påmeldt.
Ved drop-in-dåp brukar ein helt enkle rammer for seremonien. I drop-in-dåpen får du løftet om at Jesus er med deg alle dager, og gjennom dåpen blir du som døypt ein del av kyrkja sitt store fellesskap.
Alle kan bli døypt på drop-in-dåp, så lenge du ikkje er døypt frå før.
Du må ha ein liten dåpssamtale med presten før dåpen. Denne skjer rett før dåpen og samtalen varer i 10-15 minutt. Dette er ein samtale om kyrkja, dåpen og den som skal bli døypt.
Alt du trenger å ha med til kyrkja gyldig legitimasjon. Ved dåp må ein og ha to fadrar, dersom du ikkje har fadrar sjølv, har kyrkja folk som kan stille som fadder.