Nysæter kyrkje


Nysæter kyrkje vart vigsla 15. desember 1991 av biskop Per Lønning. Colin Anspach har teikna kyrkja. Bygget er tilnærma rektangulert med diagonal midtgong. Kyrkja er bygd i teglstein, med ein moderne stilart inspirert av stavkyrkjearkitekturen. Kyrkja er ei ”arbeidskyrkje” og inneheld kyrkjelydssal, møterom, ungdomslokale, fellesrom og kjøkken.

Nils Myhre gav tomt til ny kyrkje i Sagvåg og Litabø i 1967. I 1990 starta byggearbeidet, og grunnsteinen vart lagt ned 6. januar 1991 ved biskop Per Lønning. Det var og han som vigsla kyrkja 15. desember 1991. 

Altertavla er eit moderne vove teppe, laga av Kari Dyrdal. Motivet er ”Vekst og håp” symbolisert gjennom oppstandelsen.

”Kyrkjesølvet” består av lysestakar, mugge og fat til døypefont, samt nattverdsutstyr. Dette er utforma i moderne keramikk av Turid Vikene.

Preikestolen har ei moderne stilart i furu, produsert i 1991 av Sortland Møbelfabrikk, og etter utforming av arkitekt Colin Anspach. Preikestolen er pr i dag ikkje i bruk. 

Døypefonten er formgitt av arkitekt Colin Anspach, og har ei moderne 8-kanta form og er laga i furu laga av Sortland møbelfarikk.

Krusifiks er utført i granitt av billedhuggar Kristian Blystad. Hang først over altaret, står no i ei nisje over inngongspartiet.

Konge og tornekrone laga i materiala tre og glas heng no over altaret, laga av Per-Odd Aarrestad 1998.

Lysgloben er laga av smedkunstnar Paul Magne Storebø.

Brudestolane kom på plass i 2000 og er laga av Olav Eldøy.

Kyrkjetekstilane er laga av tekstilkunstnaren Åse Emmerhoff, dei kom på plass i 2007.

Orgelet er bygd i 1993 av Theodor Zuber og er eit pipeorgel med 16 stemmer. Var ferdig utbygt i 1999.

Kyrkjeklokkene er laga av Olsen Nauens Klokkestøperi i 1991. Dei to klokkene har ei vekt på 400 og 240 kg. Inskripsjonar på klokkene er: ”Til minne om Peder S. Dybvik 1845-1937" og ”Gave frå Stord Kommune”.

10.mai 1992 kima klokkene for første gong.

Andre kunstskattar i kyrkja er ”Skipet” i midtgongen, ein Slettoppar Skonnert laga i 1991 av Olav Skogseide.

Oselvar heng i vestibylen, laga av John Oddvar Løkling.