Misjonsprosjekt Stord kyrkjelyd
Stord sokneråd har frå 01.08.2023 inngått avtale om misjonsprosjekt på Cuba saman med Normisjon. Normisjon og Bjørgvin Bispedøme har eit aktivt engasjement og samarbeid med den lutherske kyrkja på Cuba: Iglesia Evangélica Unida.
Cuba er ei frodig øy med Atlanterhavet på nordsida og Det karibiske hav i syd. Folketalet er om lag 11 millionar. Turismen gjev viktige inntekter både til staten og dei som jobbar i næringa. Landet er òg avhengig av innteninga frå titusenvis av kubanske helsearbeidarar i utlandet og pengeoverføringar frå eksilkubanarar til familie og vener på Cuba. Den økonomiske situasjonen i landet har vore vanskeleg lenge, med betydeleg forverring frå 2021. På mindre enn to år, har verdien av ei månadsløn blitt redusert med 80%. Mange reiser frå landet av den grunn.